Logo Bergen kommune

Aktuelt

Foredrag: Om Frida Kahlo

Foredrag om «Magdalena Carmen Frida Kahlo y Calderón, bedre kjent som Frida Kahlo» ved Renate Rivedal, kunstformidler og kunstkritiker. Torsdag 11. november kl. 18.00 på Amalie Skrams hus, Domkirkegaten 4.

«Frida Kahlo er ein kunstnar som også i dag fascinerer, både grunna kunsten, men også grunna hennar liv. Frida var fødd i Coyoacán i 1907, som på den tida var ein liten by i utkanten av Mexico by. Då ho var lita vart Frida ramma av polio, og når ho berre var 18 år var ho innblanda i ei alvorleg trafikkulykke som kom til å prege ho for resten av livet.

Dei aller fleste av maleria til Kahlo er sjølvportrett, her blottstill ho seg, og viser både sin eigen seksualitet, usikkerhet og smerte. Ho malte med sterke og vibrerande fargar, og var sterkt inspirert av både tradisjonell indiansk kunst, men også av den moderne europeisk kultur. Ein kan finne spor av både realisme, symbolisme og surrealisme i dei sterke portretta hennar. Frida lev i ei tid med store omveltingar i heile verdssamfunnet, og Kahlo bemerka seg også som ein politisk kunstnar.

Kahlo sitt liv er på godt og vondt også knytt til den 20 år eldre meksikanske malaren Diego Rivera. Mannen som ho gifta seg med to gonger, og som ho omtalte slik «Eg har opplevd to ulykker i mitt liv, den eine var den tragiske ulykka med trikken, den andre var Diego»».

Kilde: Kunstforedrag.no 

NB! Kun 40 plasser. Ønsker du å reservere plass? Ring Amalie Skrams hus på 55 31 10 30 eller
send en epost til post@amalieskramshus.no  Arrangementet er gratis.

Arrangør: Amalie Skrams hus og Kunst, kultur og psykisk helse.

Renate Rivedal har ein master i kunsthistorie frå UIB, der ho skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), nordlysforskar og pioner innafor fotografi av den samiske befolkninga i åra 1882-1883. Ho har lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, og eit brennande engasjement for kunst – og kulturformidling. Ho er også kunstkritikar i BT.

 

 

 

Del innhold:

Nyhetsarkiv